onsdag 30. januar 2013

Natten drømmer om dagen


Ingvar Ambjørnsen: Natten drømmer om dagen

Sune er ein mann som ikkje finn seg til rette blant andre menneske. Han trivst best aleine på vandring frå hytte til hytte i fjellheimen. Her lever han av det han fangar og finn ute i naturen, eller av det andre har sett igjen på hyttene sine. Det er eigentleg utruleg at ein mann som sit i ein storby som Hamburg og sjølv er avgrensa i frå større fysisk aktivitet på grunn av kols, kan skriva så detaljert og nært om naturopplevingar i den norske fjellheimen. Sjølv seier han i eit intervju: «Nå har du skrevet en hel bok om alt det du selv ikke lenger kan gjøre».

Men Sune klarer ikkje heilt å unngå menneska rundt seg. Han har kjente som forventar tenester av han, og som han òg sjølv treng for å ha litt pengar å rutta med. Etter kvart dukkar det òg opp ei ung kvinne. Har han ansvar for henne? Sune blir med andre ord dregen mellom trongen til aleineliv og banda han har til menneska rundt seg. Denne sære personen og menneske som er annleis, er Ambjørnsen veldig dyktig til å skildra. Språkleg er dette ei bok å nyta.

Les gjerne òg intervju med forfattaren på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8330877

Anne

fredag 18. januar 2013

Alene sammen


Abraham Verghese: Alene sammen

Alene sammen er ei stor bok. Det er ei bok for dei som er interesserte i kirurgi, for alle som er interesserte i Etiopisk historie, ei bok for dei som har misjonærbakgrunn og ikkje minst ei bok for alle oss som likar ei god og lang familiehistorie. Boka er stor, òg i omfang, med 776 sider.

Verghese har tidlegare utgitt fagbøker, og fagmennesket skin godt igjennom i denne boka. Eg må nok innrømma at eg las litt fort over detaljerte kirurgiske opplysningar,  men det ga eit lite innsyn i eit ukjent miljø for meg. Heilt bak i boka har forfattaren i tillegg skrive ned kva som er faktiske hendingar og personar og kva som er oppdikta.

Men i første rekkje er dette ein roman om tvillingane Shiva og Marion og deira oppvekst på eit misjonssjukehus i Addis. Dei er einegga tvillingar, men relativt ulike likevel. Mora døyr under fødselen og faren stikk av. To medarbeidarar av foreldra på sjukehuset tar over foreldreansvaret. Tvillingane er frå starten av svært avhengige av kvarandre og opptrer ofte som ein person. Det at tvillingane både er like og samtidig forskjellige, skapar etter kvart konfliktar.  Men kanskje er dei fortsatt meir avhengige av kvarandre enn dei i utgangspunktet trur sjølv? Ei roman om store kjensler og dramatiske hendingar.

Boka er ikkje inne på biblioteket ennå, men er bestilt.

Anne

onsdag 9. januar 2013

Maleren fra Shanghai


Godt nytt år!

Då er me i gong med nytt leseår. Ta gjerne ein kikk på sida over nye bøker for å sjå kva me har fått inn etter jul.


Dessverre blir det utan bilete av boka , fordi dette ikkje fungerte i dag.
Jennifer Cody Epstein: Maleren fra Shanghai

Pan Yuliang, «Maleren fra Shanghai», blei fødd i Kina i 1899 og døydde i Paris i 1977. Foreldra døydde tidleg, og ho vaks opp hjå ein opiumrøykande onkel. Onkelen kom i stor gjeld og selde henne til eit bordell då ho var 14 år gammal. Etter ei stund blei ho berga derifrå av Pan Zanhua. Han gifta seg med henne og ho blei  andrekona hans. Det viste seg at Pan Yuliang hadde talent for maling, og ho blei ikkje minst kjent for aktmaleria sine, som ofte er sjølvportrett. Desse maleria skapte stor debatt i Kina og etter kvart blei det umogleg for henne å arbeida der. Ho reiste til Frankrike i 1937 og budde der resten av livet. Dette er altså faktaopplysningar om Pan Yuliang. Boka bygger på desse, men er elles fri fantasi, i følgje forfattaren sjølv.

Som de forstår, er dette ei veldig spesiell historie. Ei historie som både er grusom og fin på same tid. Det som er fint å lesa om, er måten Pan Yuliang blir berga ut frå eit øydeleggjande, fornedrande og håplaust liv og til eit liv med meining. Boka kjem i tillegg inn på kampen for å vera ein «fri» malar. Eg tykkjer òg det er interessant å lesa om brytningane politisk og samfunnsforholda i Kina på denne tida.
Anne