onsdag 31. oktober 2012

Før jeg faller


Lauren Oliver: Før jeg faller

Er dette noko å lesa, tenkte eg då eg fekk denne ungdomsboka i handa. Etter første kapittel  var eg fortsatt skeptisk. Her gjekk det i fyll, festing og det å planlegga å ligga med typen for første gong. Kva gjorde at eg fortsette?

Hovudpersonen Samantha Kingston høyrer til den populære gjengen på skulen, ho har alt og meiner ho fortener det. Men så døyr ho i ei ulukke. Det spesielle er at ho vaknar om morgonen og får siste dagen i livet om igjen. Dette skjer seks gonger, for kvar gong lærer ho seg sjølv og dei rundt seg betre å kjenna. Kva er viktig? Kva val har ho utover dagen? Med denne vinklinga blir dette ei bok som får lesaren til å tenkja. Eg «heia» på henne då eg tykte ho tok gode val, og gramde meg over dei dårlege vala. Boka er engasjerande og har noko ho vil seia oss om det å vera menneske. Så ja, trass i starten og ein del rølp, tykkjer eg dette er ei god bok.

Før jeg faller er skriven i ein munnleg tone og er god språkleg. Dårleg omsetjing/korrekturlesing innimellom øydelegg litt.  Boka er på 446 sider og er inndelt i dei sju dagane me følgjer Samantha.

Anne

onsdag 24. oktober 2012

Verdensredderne


Simon Stranger: Verdensredderne

Stranger har eit sterkt sosialt engasjement. I sist bok: Barsakh, handla det om flyktningar, i denne boka tar han for seg utnytting av fattig arbeidskraft. Hovudpersonen er fortsatt Emilie, og det er òg i denne boka møtet med ein gut som får augo hennar opp for urettferda i verda.

Henta frå omslaget: « Emilie er 17 år og oppttatt av gutter og mote. Inne i en klesbutikk treffer hun på en gutt som fester klistremerker med slagord over noen t-skjorter. Slagord om urettferdighet. Om utnytting av arbeidere i den tredje verden. På den andre siden av jorden lever Reena, en 12 år gammel jente som har sydd akkurat disse t-skjortene, på en fabrikk i Bangladesh. Verdensredderne handler om mennesker som lever på bunnen av samfunnet, og om en gruppe norske ungdommer som vil gjøre noe med det.»

Tilbakemelding frå ein av lesarane: ««Eg synest at boka var veldig bra. I tillegg til kjærleik er det og komplikasjonar og usikkerheit. Boka er spennande, og det får folk til å tenkje seg om kva dei kjøper. For eksempel at dei som finn kakaobønner for Freia kanskje berre er 13år. Eller at dei som lagar klede for H&M kan vere barn som må jobbe døgnet rundt, at dei blir innelåst og at dei ikkje får lov til å snakke med kvarandre.»

Boka er på 195 sider og bak i boka er det fakta om sjokolade, tekstilindustrien og elektronikkbransjen.

Anne

 

onsdag 17. oktober 2012

Jeg var et barn, det var krig


Edin Kadribegovic: Jeg var et barn, det var krig

Denne boka er ein sjølvbiografi. Edin Karibegovic veks opp i Bosnia-Hercegovina, men må etter kvart flykta på grunn av krigane på Balkan på 1990-talet. Han skriv om koss det gradvis blir vanskelegare å leva i Bosnia, om flukta til Kroatia og seinare Noreg. Kadribegovic er ein av dei som reiser frå krigen, men som likevel alltid vil bera han med seg.

Eg har alltid opplevd det som vanskeleg å få noko god oversikt over kva som eigentleg skjedde i tidlegare Jugoslavia, kven var fiendar og kven var venner. Då eg las denne boka, forsto eg kvifor. Her får ein innsyn i avtalar og svik grupperingar imellom og ikkje minst det utrulege at dei som alltid hadde vore gode naboar, plutseleg er fiende. Ikkje minst får boka fram koss religion blir brukt for å laga skilje mellom folk.

Boka er i tillegg interessant med tanke på koss det kan vera å komma ny til Noreg. Koss er det å komma frå ein krig som opptar alle tankane dine, og til eit land der desse krigane til dels er lite framme i media, og iallfall ikkje har med den informasjonen ein sjølv er interessert i? Elles får arbeidet til Thorvald Stoltenberg som fredsmeklar ein annan presentasjon her enn i norske media.

Dersom du er interessert i historie og/eller innvandringsspørsmål er dette ei bok du godt kan låna med deg. Ho er på 198 sider og er lett å lesa.

Anne

 

fredag 5. oktober 2012

Indias datter


Shilpi Somaya Gowda: Indias datter

To historier blir fletta saman i denne boka. I India opplever Kavita at ektemannen drep det første barnet fordi det blei ei jente. Då neste barn òg blir ei jente, leverer ho barnet til ein barneheim. I USA strever Somer og hennar indiskfødde mann Krishnan, med å få barn. Til slutt vel dei å adoptera ei jente frå India, dottera til Kavita.

Ein blir i Indias datter kjent med dei verste og beste sidene med India, dette er  gjort på ein realistisk måte og er etter mi meining den beste delen av boka. I tillegg tykkjer eg boka i starten er gripande når ho skildrar Somer sitt sterke ønske om å få barn og nederlaga når dette mislukkast. Då Somer og Krishnan til slutt bestemmer seg for å adoptera, skulle ein tru at alt blir bra, men slik blir det ikkje. Somer fryktar at Krishnan og familien hans i India skal opplevast nærare for barnet enn ho sjølv er, fordi dei har indisk bakgrunn.  For å halda på barnet, gjer Somer ein del val som ikkje nødvendigvis er like smarte. I innhald tykkjer eg difor det er mykje bra med Indias datter, men mot slutten blir ho for enkel. Nå har ikkje eg drive noko med yoga sjølv, men er det slik at alle problem kan løysast med yoga, så burde vel nokon kvar prøva det ut.

Det blir brukt ein del indiske ord i teksten. Desse er forklart bak i boka. Språkleg er ikkje boka nokon genistrek, men dei 365 sidene går raskt unna.

 Anne