mandag 30. april 2012

Salamandergåten


Jørn Lier Horst: Salamandergåten

Denne boka kom inn på fredag og er starten på ein ny krimserie: Clue-serien. Eg har lese boka i helga og kan veldig gjerne anbefala boka til den yngste elevgruppa her på Tryggheim. Dersom eg skal samanlikna denne boka med annan kjent litteratur, må det bli kunstdetektivbøkene til Bjørn Sortland. Men der Sortland gir oss ei innføring i kunst parallelt med historia, får me her små filosofidrypp. Filosofidryppa glir fint inn i forteljinga og gjer på ingen måte boka tung eller vanskeleg. I staden får ein litt å tenkja på. Eit spørsmål som gjengen snakkar om er: Er det galt å gjera noko som ikkje er lov dersom det kan føra til noko bra?

Så til sjølve handlinga: Cecilie er dottera til hotelldirektøren på staden og finn ein morgon ein død mann på stranda. Kven var han? Kva har hendt? Saman med Leo, Une og hunden Egon, (førebokstavane blir då CLUE), prøver ho å finna svar på dette. Medlemmene i denne gjengen er både nysgjerrige, handlekraftige og fornuftige, men kan bli noko dumdristige. Til saman fører dette dei inn i ei spennande etterforsking der motet etter kvart kanskje overgår evna.

I motsetnad til mange ungdomsbøker, har desse barna eit godt forhold til foreldra sine, sjølv om dei nok meiner at foreldre ikkje har godt av å veta alt. Av ulike grunnar ser det ut til at alle tre lever bare med ein av foreldra, så det er ikkje feilfrie eller perfekte foreldre og familieforhold det er snakk om. Denne gjengen har heller ikkje overnaturlege evner, eller er rå og kul. Cecilie, Une og Leo er tøffe fordi dei er aktive og dyktige.

Boka er godt skriven. Kvart kapittel sluttar på ein måte som gjer at me lurer på kva som skjer vidare, såkalla «cliffhanger». Heilt mot slutten får me òg ein uløyst tråd, som dreg oss vidare mot neste bok i serien: Maltesergåten. Første kapittel i neste bok, er tatt med til slutt. Dersom eg skal seia noko negativt om skrivemåten, må det vera at det i starten blei vel mykje fokus på å få alt på plass, ikkje minst blei eg litt lei av å lesa alle detaljane om koss personane ser ut. Men når denne «presentasjonsrunden» er over, tar boka seg opp.

Boka har relativt stor skrift og er på 142 sider. I tillegg har me fått henne inn som lydbok.
Anne

fredag 27. april 2012

Den doble gleden


Odd J.Eidner: Den doble gleden

I 2006 ga Eidner ut boka Den doble sorgen. Her skriv han om koss det er å mista to barn og i tillegg mista trua på Gud. Dette er ei svært gripande og ærleg bok. Denne boka er eit bakteppe for boka som kom ut i 2010: Den doble gleden. Den doble gleda er både kone og dotter, som han kan gle seg over å ha. I tillegg spelar tittelen på gleda over dei små og store gledene i livet i tillegg til gleda over å høyra Gud til.

Boka inneheld små reflekterande stykke om livet og livsglede. Stykka handlar om ulike tema, men følgjer på sett og vis kalenderåret. Dette er difor ei bok å ha liggande litt og lesa eit stykke, (40 til saman), nå og då. Likevel må eg nok seia at eg ikkje blir like fanga av denne boka som av sist bok. Det er kanskje naturleg at tragediar og truskriser grip djupare og sterkare enn småstykke om livet. Men eg trur òg det har med at når det er dei små gledene i livet det handlar om, så er identifikasjon viktig. For meg blir ein del av det han omtalar frå sitt liv i Bodø, (som for eksempel isbading), litt langt frå det eg gler meg over, og difor er det ikkje alle stykka som «snakkar til meg». Andre stykke gir meg noko å tenkja vidare over. Og ikkje minst kan det vera nyttig å bli minna om kor mykje ein faktisk har å vera takknemleg og glad over.

Anne

mandag 23. april 2012

Skyggeferden


Sara Azmeh Rasmussen: Skyggeferden

Eg hadde nok i utgangspunktet nokre fordommar til denne boka. Dette er trass alt dama som offentleg sette fyr på ein hijab og som elles òg har vore aktiv i mange debattar om blant anna religion og samfunn. Eg såg vel difor for meg ei markert debattbok.

Men dette er ein biografisk roman om livet hennar i Syria og ein del av åra i Noreg. Ho seier sjølv at dette er ein biografi, men han er skriven på ein måte som gjer at forlaget ville gi det ut som ein roman. Og Rasmussen skriv livet sitt, og ho gjer det godt! Eg tykte denne boka var veldig interessant. Ein får både kjennskap til oppvekstvilkår i Syria og koss det er å komma som innvandrar til Noreg. Blant anna får dei som hevdar at det blir mindre kroppsfiksering i muslimske miljø fordi ein går meir påkledd/tildekka, noko å tenkja på. Dette er òg ei bok som skildrar kor øydeleggjande tronge rammer og fastsette roller er for enkeltindivid som ikkje passar inn i desse gitte «boksane». Ein blir bare ein skugge av seg sjølv. Slik sett blir boka ei sterk stemme for fridom til å vera den du er.

Boka fortel ikkje om dei siste åra av Rasmussen sitt liv. Eg forstår at det kan vera gode grunna til det, for eksempel omsyn til familie, men eg saknar noko om kva som fekk livet hennar til å snu. Kva er det som har gjort at ho i dag er ein kjent skribent og kommentator i det norske samfunnet? Dette skulle eg gjerne hatt svar på.

Boka er på 428 sider.

Anne

fredag 20. april 2012

Tegn


Anne Ch. Østby: Tegn

Sofie er ei jente på 14 år som spelar fotball, går på skule, sit barnevakt og er forelska. Alt dette er jo ganske vanleg. Det som er vanskeleg i livet hennar, er at broren, Espen, er blitt så rar. Eller har han kanskje alltid vore litt spesiell? Iallfall ser Sofie at ikkje alt er som det skal vera, men kven kan ho seia dette til? Kven kan hjelpa? Me får òg innsyn i Espen sine tankar og forstår at han er i ei heilt anna verkelegheit inne i hovudet sitt enn det som er den vanlege verda.

I tillegg blir me presenterte for 2-3 andre ungdommar som òg slit med eitt eller anna. Det blir etter mi meining litt mykje å halda styr på, og problema til desse andre ungdommane blir på mange måtar bare tidtrøyte. Kan henda er dette tatt med for å gi ei skildring av at ungdommar er overlatt til seg sjølv utan nokon å gå til. For det er nettopp dette som skjer i boka. Dei vaksne er passive og fjerne og ikkje aktuelle samtalepartnarar for ungdommane som slit. Det er jo ikkje så uvanleg i ungdomsbøker å framstilla vaksne som ubrukelege og fjerne, men eg tykkjer dette blir i overkant.

Boka er likevel engasjerande og hovudforteljinga, altså den om Sofie og Espen, er fin og tar i tillegg opp eit vanskeleg tema. Kva når nokon rundt deg blir «sjuk i hovudet»?

Forfattaren skildrar i tillegg jentefotballmiljø og gutefotballmiljø og forskjellen i ressursar og haldningar mellom desse. Blant anna er språket til gutetrenaren og fotballgutane  råare og inneheld ein del banning.

Boka er på 187 sider.

Anne

mandag 16. april 2012

Syersken i Khair Khana


Tzemach Lemmon, Gayle: Syersken i Khair Khana

Kva gjer ein når mennene må flykta frå Taliban og kvinnene blir nekta å gå på arbeid? Boka fortel om Kamila som får ansvaret for å brødfø familien etter at Taliban har tatt kontrollen over Kabul. Ho blir ein ekte gründer og klarer å få til ei systove som både gir pengar til mat for deira eigen familie, men som òg blir til hjelp for andre kvinner og deira familiar. Me får i tillegg eit godt bileta av dei store omveltingane som har vore i Afghanistan. Sjølv visste eg for eksempel ikkje at burka var eit så ukjent klesplagg i Kabul at det blei eit problem når Taliban kom og over natta innførte burkapåbod.

Dette er ei nøktern «reportasjebok» om mot, vilje og håp blant folk, her stort sett kvinner, i Afghanistan. Ei lærerik og lesverdig bok på 256 sider.
Anne