Monika N.
Yndestad: Jentene fra balletten
Ei krimbok som eigentleg ikkje er krimbok likevel. Iallfall
dersom ein er opptatt av at eit mysterium skal løysast. Her veit ein allereie i
starten kven som er skurken, og dersom ein tenkjer spenning, må det vera om den
skuldige blir tatt. Er boka då keisam? Nei, det tykkjer eg ikkje. Boka har
nemleg eit anna viktig ærend enn berre underhaldning, slik eg ser det.

Ein høyrer ofte at media heng ut personar utan lov og dom og
at media slik øydelegg uskuldige menneske. Det har nok ofte skjedd òg. I denne
boka er det motsett. Avisene blir her dei svake sin talsperson og trykker på
for å få saka oppklart og samarbeider med personar og hjelpeinstansar elles for
å få overgriparen tatt.
Eit ekstra spark har boka til foreldre som tenker at nå er
barna så store dei greier seg sjølv, og difor har det for travelt til å følgja
med på kva som skjer med barna deira.
Ei gripande og underhaldande bok, men altså ikkje ei heilt
vanleg krimbok.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar