Lynne Bryant: Alligatorvannet
Me er i sørstatane, nærare bestemt i Mississipi rundt år
2000. Avery Pritchett tar med seg dottera Celi heim på besøk etter ti år i
Colorado. Broren Mark skal gifta seg og ønskjer at Celi skal vera blomsterpike
og Avery brudepike.

I tillegg har Avery eit spørsmål ho gjerne skulle hatt svar
på. Celi har sigdcelleanemi. Dette er ein recessiv sjukdom som i første rekkje
rammar svarte, men sidan sjukdomen er recessiv, må ho ha fått gen for denne
sjukdommen frå begge foreldra. Koss kan Avery vera berar av dette genet?
Samtidig som me følgjer Avery og Celi sitt møte med Greendale i Mississipi
rundt år 2000, får me mange tilbakeblikk på hendingar frå 1940 og framover.
Språk og oppbygging er enkel. Kapitla vekslar mellom å vera
stemma til Avery, Marion – mor til Avery og Willadean – mormor til Avery. Det
er gjennom desse kvinnene historia blir fortalt. Boka har blitt samanlikna med
Barnepiken, og tematikken: raseskilje, er lik, men litterært er Barnepiken
nokre hakk betre etter mi meining.
Likevel, ei interessant og underhaldande bok. Det er rart å
lesa om hendingar frå 1990-2000 som du tenkte var eit tilbakelagt stadium for
lenge sidan.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar