Espen
Ottosen: Hvorfor skriver ikke Gud på
himmelen?
Boka har
undertittelen: Litt om min tvil Mest om
min tro. Og undertittelen får klarare fram at dette kanskje mest er ei
apologetisk bok. Ja, utgangspunktet er tvil og spørsmål mange kan stilla seg
sjølv eller bli stilt av andre, men svara har tydeleg forankring i kristen tru.

Eg tykkjer Ottosen er flink til å bruka eit enkelt språk,
men samtidig drøfta emna grundig og fagleg. Dette er det ikkje alle som greier,
og difor meiner eg boka kan og bør få ei breiare lesargruppe enn det andre
bøker med same tematikk får. Eg sjølv tykte spesielt del III, «Et signert
skaperverk», var interessant og godt drøfta. Der eg tykkjer svaret blir minst
godt, er nok på spørsmålet om kvifor Gud ikkje gir alle (iallfall alle som
ønskjer det) ei tru, når trua er ei gåve. Det er vel mykje å forlanga at ein
skal få gode svar på alle spørsmål av denne typen i ei bok, og kva som er gode
og mindre gode svar, vil nok òg avhenga av utgangspunktet til oss som les.
Sjå
gjerne òg Atle Ottesen Søvik sin kommentar på: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat14/thread11489637/#post_11489637
og følg gjerne debatten vidare, men dette er absolutt ei bok
du bør lesa!
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar