Morris Gleitzman: Så
Dette er andre boka om Felix, ein jødisk gut under
2.verdskrig. Første boka er En gang.
Desse bøkene fekk eg anbefalt av ein elev på ungdomsskulen, og det er eg glad
for.

Forteljarstilen er uvanleg. Kvart kapittel begynner med
ordet så. Det er Felix som fortel historia, og han har sans for gode
formuleringar og lett ironi. Sjølv om boka har ei svært alvorleg handling, er
det likevel innimellom humoristiske
innslag. Boka har i tillegg ein munnleg stil og er veldig lettlest. Det er
heller ikkje noko lang innleiing, her er dei første setningane i boka:
«Så løp vi for livet, jeg og Zelda, opp en
bakke så fort vi kunne. Det var ikke så veldig fort. Selv om jeg holdt Zelda i
hånda og hjalp henne opp skråningen.»
Boka gjer inntrykk. Så
dette er ei bok eg gjerne vil anbefala for ungdomsskuleelevar, både gutar og
jenter. Ho kan i tillegg fungera godt som høgtlesingsbok.
Anne