Krish Kandiah: Fresh – ressursbok for ferske studenter
Skal du studera til hausten? Då bør du investera i denne
boka. Fresh gir konkrete råd til deg som ønskjer å vera ein kristen og samtidig
skal starta livet som student.

Eg les eigentleg denne boka på feil måte,( for raskare å kunna omtala henne her), for eg
brukte 2-3 ettermiddagar, men opplegget er at du skal bruka fem veker og lesa
eitt stykke kvar dag i starten av studentlivet. Slik sett har eg nok ikkje
dvelt lenge nok med alt, men eg har fått med meg nok til å anbefala boka.
Og til dykk som er foreldre eller venner av nokon som skal
begynna på studiar til hausten: send gjerne med dei mors kjøttkaker og nye
gardiner, men legg med denne boka òg!
Til slutt må eg kommentera språket. Alle slurvefeila irriterte meg
frykteleg. Har forlaget slutta å lesa korrektur? Dette er for dårleg
Lunde! Det er å håpa at andre lesarar blir mindre frustrerte over dette enn
meg.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar