Kjell
Tveter: Livet –skapelse eller tilfeldighet?
Hovudtesen til denne boka er at sidan livet er så komplekst,
må det stå ein skapar bak. Dette er ei oppfatning som dei fleste med ei gudstru
vil kjenna seg igjen i.
Vidare byggjer boka på ei tydeleg ID-forklaring(Intelligent
Design), og har ein klar kreasjonistisk og anti-darwinistisk argumentasjon. I
utgangspunktet er boka tiltenkt ungdom, ho er i tillegg delt i to, ein enklare
del først mynta på ungdomsskuleelevar(Boka er anbefalt gåve til konfirmantar),
og ein meir avansert del for noko eldre ungdom. Det er òg blitt sagt at denne
boka er tenkt som ei hjelp for dei som seinare skal studera biologi i møte med
evolusjonslæra på universiteta. Boka legg òg vekt på at evolusjonslæra i denne
boka blir imøtegått med vitskaplege argument.
Eg går ikkje inn på synet som ligg til grunn for denne boka
her i omtalen, men meir om boka når det målet ho så tydeleg har: ei vitskapleg
bok for ungdom som hjelp til å argumentera mot evolusjonsteorien.
Eg tykkjer ikkje boka oppnår målet sitt og skal sjølvsagt
grunngi dette.

For
ungdom? Del 1 For ungdom begynner slik: «Unge mennesker tenker kanskje ikke så
mye over livet.» Språket vender seg vel meir til oss godt etablerte
her enn direkte til ungdom? Elles skal
denne delen av boka ha honnør for eit relativt enkelt språk med god flyt.
Likevel trur eg at mange ungdommar i konfirmasjonsalder vil oppleva boka som
litt vanskeleg, det gjeld nok både innhald og språk. For ungdom som er over
gjennomsnittet interessert i temaet og som er gode lesarar, vil boka kunna
fungera, men eg ville nok ikkje satsa på denne gåva til så mange konfirmantar.
Til hjelp? Eg meiner boka er til lita hjelp for dei elevane
som skal studera vidare på universiteta dersom tanken er å gi dei gode argument
mot evolusjonslæra. Dersom studenten berre kjem med haldninga: dette er det
inga forklaring på, og så blir møtt med forklaringar, kanskje ikkje berre ei,
men fleire, så er han/ho like langt. Eg skulle ønska Tveter hadde referert til
forklaringar som blir gitt i fagmiljøa og eventuelt argumentert mot dei. Dette
gjeld for eksempel på område som den kambriske eksplosjonen og koss fuglane har
funne ut at dei skal trekka mot sørlegare stader i vinterhalvåret.
Det boka gir kunnskapar om, er kva ID går ut på. Ho gir god
innføring i mange komplekse system i kroppen vår og naturen elles, og ho har ei
tydeleg antievolusjonistisk haldning. Er det dette ein er på leit etter ei bok
om, så fungerer boka bra.
Boka er totalt på182 sider, men del 1(for ungdom) er berre
på 60 sider.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar