J.K.Rowling:
Den tomme stolen
Rowling er kjent som forfattaren bak fantasy-serien Harry
Potter. I denne boka skriv ho realisme for vaksne. Me er i ein småby/tettstad i England(Pagford),
men avstanden til byen(Yarvil) er ikkje stor. Midt mellom her ligg
fattigområdet, Fields. Desse menneska som lever her, har Pagfordfolka fått
ufrivillig tett innpå seg. Barna går på skule i Pagford, og det er i tillegg
ein rusklinikk i «deira» bygg. I det siste er det likevel krefter, òg i Yarvil,
for å få Fields inn under Yarvil sitt ansvarsområde. Dette og utleige av bygg
til rusklinikken skal soknerådet uttala seg om, men før dei kjem så langt, døyr
ein markert person i soknerådet: Barry Fairbrother. Kven skal ta plassen etter
han? Det er blitt ein tom stol.

I starten av boka er det mange namn og det tar litt tid å få
oversikt og å komma inn i boka, men Rowling skriv godt og er dyktig i
menneskeskildringane. Mykje av handlinga
er lagt til røffe miljø, og språket ber preg av det. Men eg likar å lesa bøker
der forfattaren ønskjer å seia oss noko ut over å underhalda, så dette er absolutt ei bok eg kan anbefala.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar