Simon Stranger: Verdensredderne
Stranger har eit sterkt sosialt engasjement. I sist bok:
Barsakh, handla det om flyktningar, i denne boka tar han for seg utnytting av
fattig arbeidskraft. Hovudpersonen er fortsatt Emilie, og det er òg i denne
boka møtet med ein gut som får augo hennar opp for urettferda i verda.

Tilbakemelding frå ein av lesarane: ««Eg
synest at boka var veldig bra. I tillegg til kjærleik er det og komplikasjonar
og usikkerheit. Boka er spennande, og det får folk til å tenkje seg om kva dei
kjøper. For eksempel at dei som finn kakaobønner for Freia kanskje berre er
13år. Eller at dei som lagar klede for H&M kan vere barn som må jobbe
døgnet rundt, at dei blir innelåst og at dei ikkje får lov til å snakke med
kvarandre.»
Boka er på 195
sider og bak i boka er det fakta om sjokolade, tekstilindustrien og
elektronikkbransjen.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar