Edin
Kadribegovic: Jeg var et barn, det var krig
Denne boka er ein sjølvbiografi. Edin Karibegovic veks opp i
Bosnia-Hercegovina, men må etter kvart flykta på grunn av krigane på Balkan på
1990-talet. Han skriv om koss det gradvis blir vanskelegare å leva i Bosnia, om
flukta til Kroatia og seinare Noreg. Kadribegovic er ein av dei som reiser frå
krigen, men som likevel alltid vil bera han med seg.

Boka er i tillegg interessant med tanke på koss det kan vera
å komma ny til Noreg. Koss er det å komma frå ein krig som opptar alle tankane
dine, og til eit land der desse krigane til dels er lite framme i media, og
iallfall ikkje har med den informasjonen ein sjølv er interessert i? Elles får
arbeidet til Thorvald Stoltenberg som fredsmeklar ein annan presentasjon her
enn i norske media.
Dersom du er interessert i historie og/eller
innvandringsspørsmål er dette ei bok du godt kan låna med deg. Ho er på 198
sider og er lett å lesa.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar