Dag O Hessen og Thomas Hylland Eriksen: På stedet løp

Boka tar for seg det
paradokset at det er konkurranse som driv oss framover, men samtidig når ein
eit punkt der vidare konkurranse ofte vil vera øydeleggjande. Me får fleire
døme på dette både frå plante- og dyreverda og frå menneskelivet.
Boka er skriven i eit lett språk og er til tider ganske
underhaldande og humoristisk. Eg tykte likevel at ho gjentok for mykje, så ein
treng ikkje lesa heile boka for å få med seg hovudpoenget. Ei fagbok for litt avkopling.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar