
Sjølv likte eg best del to. Harold Lunde har vore
møbelhandlar, som i følgje han sjølv, gjekk konkurs på grunn av IKEA. Denne
delen kan difor bli hard kost for Ikea-fans. Men Harold har ikkje bare mista
arbeidet sitt, han har òg på mange måtar mista sin store kjærleik gjennom alle
år, kona Marny. Ho er blitt senil og kjenner knapt Harold igjen. Kva gjer ein
mann som har levd eit godt liv, men nå har mista alt? Jo, han dreg av garde til
Sverige for å kidnappa Ingvar Kamprad, grunnleggaren av Ikea. Gjennom heile
forteljinga får me innsyn i Harold sitt forhold til Marny og det livet dei har
levd i lag. Skildringa av dette tykkjer eg er svært god.
Første del av boka er kanskje den mest humoristiske
framstillinga. Men bak god humor er det alltid mykje alvor. Siste del blei for
absurd for meg, med Gerhardsen og Bratteli blant dei ulevande, men denne delen
tykkjer tydelegvis andre er veldig bra, (sjå link under), så det er vel ein
genistrek eg ikkje har fått med meg heilt.
Frode Grytten skriv på lett tilgjengeleg nynorsk. Han har
ein humoristisk stil, men språket kan innimellom vera litt røft. Heile
triologien er på 443 sider.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar