Marianne Terjesen: For Leas skyld

For mange jødar blir Israel eit håp om eit land der dei kan
få leva i fred. Så enkelt blir det ikkje. Kva med dei som bur der frå før? Boka
handlar òg om opprettinga av staten Israel og dei oppgåvene som landet står
over for når stadig nye jødiske folkegrupper kjem til det nye heimlandet og
utfordringane i forhold til nabolanda. I denne boka kjem fleire stemmer til
orde. Her er ingenting svart-kvitt. Me får sjå at vald og krig bare har
taparar.
Språkleg er boka midt på treet, men innhaldet gjer dette til
ei bok eg kan anbefala. Boka er på 544 sider, men ho er lettlesen, så det går
raskt.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar