Kerstin Gier: Rubinrød

Ei veldig morosam, men òg spennande bok om jenta
Gwendolyn. Ho er langt i frå skulens mest populære og langt i frå så
"perfekt" som kusina, men likevel er det ho som må møte den mykje
omsnakka greven og reise tilbake i tid kvar dag. Det er rekna som ei
fantasybok, men eg vil seie at det er mykje meir enn det. Det er ei bok med
personar du kan kjenne deg igjen i, i skule, kjærleik og den store betydninga
vener kan ha for ein person.
Boka passar for dei fleste. Ho er lettlesen, har ei
spennande handling og gir inntrykk av at forfattaren veit kva ho skriv om. Det
er ikkje bare det at ho beskriv tidsreisegenet, men òg alle beskrivingane av
antrekk i frå dei høgare klassane på rundt 1700-talet og dei nøyaktige
skildringane av selskapa. Ingen av dei historiske personane i boka har levd på
ekte, men alle tinga som skjer rundt er forholdsvis kjent for dei som liker
historie
Boka er på 348 sider, men i ei bok som denne tar det
ikkje lang tid å lese.
Kerstin Gier: Safirblå

Veldig god oppfølgjar med spennande scenar, men òg mange
morosamme. Gwendolyn er i ferd med å tilpasse seg livet, og det ventar på både
oppturar og nedturar. Som i Rubinrød er det gode skildringar og forfattaren veit
korleis ho skal skrive. Serien held fram med å vere morosam. Det er ikkje like
godt å kjenne seg igjen i denne boka som i den andre, men ho er likevel svært
god.
Bok er på 382 sider, og det er verdt å pløye seg gjennom
dei.
Mai Lene