tirsdag 1. april 2014

Gjenforeningen


Stephan Enter: Gjenforeningen

Gjenforeningen er ei bok som stiller eksistensielle spørsmål. Eskil Skjeldal avsluttar omtalen av boka i Vårt Land med: «På hver sin måte åpner det for eksistensielle spørsmål om tidsbruk, om aldring, om hvorfor de valgte som de gjorde, og hva som - på bakgrunn av en helt annen livserfaring enn de hadde som tjueåringer - dypest sett gir dem mening. Jeg våger påstanden om at du ikke vil lese mange bøker som er bedre enn denne i år. «

Boka gir ei drøfting av kva som hadde skjedd dersom det blei funne opp ein kur som gjer at me ikkje vil dø, altså eit slags evig liv her. I tillegg set boka fokus på vala me gjer og kor avgjerande dei blir for livet vårt.

Gjenforening handlar om tre gamle klatrevenner som skal treffast etter 20 år. Saman med dei var òg ei jente som nå er gift med ein av dei tre. Slik sett er dette ei lite original bok. Me får sjå glimt frå klatreturane dei hadde i Noreg og kva kvar av dei tenkjer om tida då, kven dei nå har blitt og kva forventingar dei har til å treffast igjen. Forfattaren skildrar godt at personane rundt oss ikkje nødvendigvis er dei som dei gir seg ut for å vera.

Oppbygginga er òg enkel. Boka har tre hovuddelar, ein del frå kvar hovudperson sin synsvinkel. Det er difor ikkje plottet som gjer boka spesiell, men evna til å setja fokus på vala våre og det å vera dødeleg eller kanskje udødeleg?

Sjølv er eg nok ikkje einig med Skjeldal at dette var beste boka i 2013, men dersom ein er opptatt av eksistensielle spørsmål, gir ho lesaren noko å tenkja på.

Anne

mandag 24. mars 2014

Divergent


Veronica Roth: Divergent

Dette er første boka i trilogien Divergent. Me er i eit framtidig Chicago. Samfunnet er delt inn i fem fraksjonar. Det er personlegdomen til innbyggarane som avgjer i kva fraksjon dei hamnar. Ein test blir utført når dei er 16 år, og dei gjer valet ut frå denne testen. Målet er at alle skal hamna i den fraksjonen dei passar best til, og slik vil samfunnet fungera best og bli harmonisk.

Sjølvsagt blir harmonien øydelagt, alle passar ikkje inn, og nokre menneske vil vel alltid ønska meir makt enn dei har fått. Spesielt problematisk er det å vera divergent, altså ein avvikar, fordi då passar personen ikkje berre inn i ein fraksjon, men i fleire. For dei som styrer og kjempar om makta, er dette ein trussel.

Dette er bakteppet for handlinga. Hovudpersonen i boka er Beatrice Prior. Ho har vakse opp hjå dei «uselviske», men merkar at ho slit med å tilpassa seg. Men kor passar ho då inn? Før testen som skal fortelja henne det, er ho svært nervøs. Dette blir ikkje betre etter testen då ho får veta at ho er divergent. Kva fraksjon skal ho då velja? Boka handlar vidare om hennar kamp for å bli tatt opp i fraksjonen ho vel og for å halda hemmeleg at ho er divergent. I tillegg bygger det seg opp spenningar mellom fraksjonane, og kva vil dette føra til? Kven er venn og kven er fiende? Og sjølvsagt er det òg litt kjærleik inne i biletet.

Eg brukar ikkje å lesa science fiction eller fantasy-litteratur. Det er ikkje heilt mi greia, så vurderinga under  får de ta med ei klype salt.

Boka har eit relativt godt og finsleg språk. Ho er spanande, men eg tykte skildringane av opptakstida i fraksjonen blir noko langdryg. Noko av det som skjer, blir i tillegg litt ulogisk, sjølv om ein tar sjangeren på alvor. Divergent kjem som film nå i vår. Eg skal ikkje sjå filmen, for det skjer ganske mykje fælt og ekkelt, så for meg var boka nok.

Anne

mandag 17. mars 2014

Villa Europa


K.Bjørnstad: Villa Europa

«Morsomt. Velskrevet. Dødsens alvorlig», skal boka vera i følgje Ingvar Ambjørnsen. Eg er einig i at ho er velskriven og alvorleg, men morosam er ho ikkje. Etter mi meining blir me i staden presentert for mange tragiske hendingar og personar.

Bakteppet for romanen er historiske hendingar og samfunnsutviklinga frå 1892 og fram til 1991. Midt i denne samfunnsutviklinga følgjer me fire generasjonar av menn og kvinner med utgangspunkt i eit hus som blir kalla Villa Europa. Det er stemmene til fire menn og fire kvinner me møter, men der sluttar òg likskapen. Mennene er stort sett drittsekkar, medan kvinnene stort sett er svært oppegåande, men må lida for menn sine dårlege handlingar. Blir dette noko skjematisk? Eg tykkjer nok at personane blir noko stereotypiske, sjølv om det hjå enkelte av dei kan sporast ei endring og større innsikt med åra. I tillegg blir det vel mykje at skjebnar går i arv.

Likevel, boka er interessant fordi ho følgjer fire generasjonar gjennom 1900-talet og samtidig drøftar mennesket si stilling mellom å vera fri og avhengig i forhold til andre personar. Eg tykkjer òg boka får fram at det som gjer livet meining som held, er å finna noko større enn berre seg sjølv og eigen framgang å kjempa for.

Boka er på 525 sider. Bjørnstad har eit godt språk, men forlaget har slurva med korrekturen i denne pocketutgåva. Mange trykkfeil irriterer!


Anne

mandag 10. mars 2014

Stjålet


Lucy Christopher: Stjålet – Et brev til han som kidnappet meg

Dette var ei bok som greip meg. Sjølve handlinga er kanskje ikkje så original, og ein kan nok stilla spørsmålet om alt er like realistisk, men boka er svært godt skriven.

Kva som er hovudtema, røper jo undertittelen: Ei jente, Gemma, blir kidnappa  på flyplassen i Bangkok og tatt med til eit aude område i Australia. Etter kvart blir ein godt kjent med både Gemma og kidnapparen, den noko eldre Ty.

Det som gjer boka så god og som gjer at iallfall eg blei riven med, er at verken Gemma eller kidnapparen berre er gode eller vonde.  Me blir med inn i dei forvirra tankane og kjenslene til Gemma, me ser kampen hennar for å sleppa fri og hatet ho har til han, samtidig som at han forsiktig prøver å nærma seg henne og få henne til å stola på seg.

Altså, ei svært god ungdomsbok, men kan henda mest for jenter.

Anne

mandag 3. mars 2014

Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet


Eiving Hofstad Evjemo: Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet

Det er sagt om denne boka at ho skildrar kommune-Noreg, ja rett og slett er ei kommuneroman. Det er noko eg kan vera einig i. Me blir kjent med nokre personar i ein kommune i Noreg, arbeidet dei har og delvis privatlivet deira. I tillegg er det mange skildringar av utviklinga i kommunen, politiske vedtak, nye tiltak for å skaffa fleire innbyggjarar og større trivsel, som mange kan kjenna seg igjen i. Det er kvardagen til folk som blir skildra, og Evjemo skriv godt og ofte ganske humoristisk!
Likevel må eg seia at eg gjennom dei 488 sidene var noko ambivalent til heile boka. Lika eg henne eller gjorde eg ikkje? Eg lika språket og dei gjenkjennelege skildringane av ein middels stor kommune, men elles tykte eg boka langt på veg skreiv om det meiningslause livet. Små detaljar og små tankar om kvardagen, og menneske som har kjørt seg fast i livet eller gitt opp. Her er ingen store tankar eller noko djupare meining.

For meg som er svært glad i gode kvardagar, blei det vanskeleg å vera med på hovudtankane i boka, nemleg at «folk flest» har meiningslause liv. Eg håpar det ikkje er slik, og eg tykte boka skildra mennesket for smått. Nokre har samanlikna skrivemåten med Knausgård sin skrivestil. Det kan til dels vera sant, i og med at begge tar tak i små detaljar som dei kan skildra grundig og kreativt. Men hjå Knausgård er personane skildra med større nyansar og dei har  større filosoferingar over livet.
Boka har elles fått gode omtalar, så les gjerne boka og sjå kva du tykkjer sjølv.

Anne

 

mandag 17. februar 2014

Analfabeten som kunne regne


Jonas Jonasson: Analfabeten som kunne regne

Dette er forfattaren som stod bak den populære boka «Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant».  Denne boka har ikkje fått like god omtale, og eg kan nok vera einig i at like sprelsk er ho ikkje.

Likevel, me kjenner igjen den humoristiske og lettbeinte forteljarmåten. Og som i førre bok, er hovudpersonen både intelligent og sprø, og det opnar seg difor mange moglegheiter i livet. Det er jo ganske bra tykkjer eg at det har komme ein forfattar som påstår at det går an å ha det riktig moro og spennande med høg intelligens.

Hovudpersonen i boka er Nombeko. Ho startar livet sitt i slummen i Soweto, og slik sett burde sjansane hennar til å lukkast i livet vera svært små. Fornuft og slump gjer likevel at ho endar opp i Sverige etter kvart, men vegen dit er lang. I tillegg er det ikkje slik at alt berre er bra om ein hamnar i Sverige.
 Dersom ein lèt seg riva med av denne fantasifulle forteljinga, er ho underhaldande, men ein må vera villig til å berre ta alt som det kjem utan å vurdera så veldig om dette er truverdig. Litt langdryg tykkjer eg nok sverigetida blir, men alt i alt ei underhaldande bok til å setja seg ned og  slappa av med.

Har så forfattaren ikkje noko fornuftig å melda? Jo, det har han. Under forteljinga ligg ei tydeleg stemme om likeverd mellom menneske  og at «Du skal ikkje skua hunden på håra».

Ei fin bok for vinterferien!
Anne

mandag 10. februar 2014

Disse øyeblikk


Herbjørg Wassmo: Disse øyeblikk

«Ennå ei bok frå Wassmo der ho skriv om den traumatiske barndommen sin og det strevsame livet ho har hatt», var det ein som sa. Og for så vidt er dette riktig. Boka er ikkje ein sjølvbiografi, men sjølvbiografisk roman, og det skapar rom òg for dikting. Men det er tydeleg at forfattaren brukar mykje av seg sjølv i denne boka.

Eg-personen har opplevd overgrep frå stefaren i oppveksten og slit med følgjene av det. Ho får liksom ikkje heilt kontakt med seg sjølv, og strevar i forhold til andre menneske. Etter kvart ser me at skriving blir som ei helsebot for henne, ikkje minst blir dagane lettare når ho har fått noko på trykk og seinare når ho får utgitt bøker. Den første romanen får ho ikkje skikkeleg dreis på før ho begynner å få kontakt med «den vesle jenta» frå barndommen og klarer å få ned noko av eigne opplevingar derifrå. Det kjem fram at boka handlar om Tora og overgrep, og blant anna dette gjer at boka tenderer mot sjølvbiografi.

Men Disse øyeblikk meiner eg i første rekkje handlar om vilkåra for å bli forfattar med dei krav som omverda har til kva som er kvinneleg og passande for ei mor. Når skrivinga blir det viktigaste, går ikkje det alltid like godt i lag med det å ha familie. I tillegg opponerer hovudpersonen i boka mot rollene som er tildelt menn og kvinner i samfunnet. Til dømes: Kvifor skal kvinnelege lærarar vera ulønna vikarar for mannlege lærarar som tek seg fri for å gå på jakt? Det er klart at den første kvinna som stiller slike spørsmål høgt, får motbør. Dette blir difor òg ei reise i samfunnsutviklinga frå 1960-åra og framover.

Nokre har det kan henda travelt med å finna ut kva som er sjølvbiografisk og ikkje her. Kven er personane ho «utleverer», for ingen er nemnde med namn. Dersom boka skal lesast som «sann», er dette ei svært ærleg og utleverande forteljing, men sjølv tenkjer eg at det viktigaste er å lesa boka som ein roman, utan å bry seg så mykje om det er opplevd eller oppdikta. Eg tykte boka var interessant, men det vil kanskje vera forskjell på kvinnelege og mannlege lesarar her. (Og dette vil nok ikkje Wassmo lika at eg skriv). Så det er kanskje ikkje overraskande at sitatet eg innleia med, kom frå ein mann.

Anne

tirsdag 4. februar 2014


Heidi Sævareid: Spranget

Denne boka tykkjer eg det er litt vanskeleg å omtala. Eg klarer ikkje å legga frå meg dei vaksne brillene og berre lesa ho som ei forteljing om ungdomsjenta Janne. Denne omtalen blir difor litt om historia i boka og ein del vaksenprat om temaet.

Janne går siste året på ungdomsskulen då ho blir med tvillingsøstera Anna på møte i Zion. Zion er ei kristen, karismatisk forsamling. Ho blir dregen med inn i forsamlinga både fordi det kjennes godt å bli bedt for og bli ein kristen og fordi ho ser at ho automatisk blir inkludert i ein vennegjeng. Janne har tidlegare berre hatt Anna, eller Anna og vennene hennar, men då Anna fekk seg nye venner i Zion, mista òg Janne dei «vennene» ho hadde i klassen. Nå blir Janne ein del av Anna sitt miljø igjen. Og då kunne jo alt enda bra.

Men etter kvart opplever Janne miljøet for trongt. Ho opponerer mot reglane som gjeld for oppførsel og rett/galt. Ho har spørsmål som ho ikkje får svar på eller får svært enkle svar på. Og ho opplever å få signal om at ho ikkje er bra nok, ikkje er stødig og til å stola på. Det verste er kanskje at ho føler på at dei gode, «andelege» kjenslene blir borte. Då ho prøver å snakka med ein gjesteforkynnar om dette, får ho berre beskjed om at det er ho sjølv som stenger og at ho må opna opp. Denne hendinga opplever ho som eit svik. Til slutt toppar det seg for Janne, og ho tek spranget ut av forsamlinga.

Eg tykkjer dette er ei trist forteljing, ei forteljing om kvifor ei ung jente ikkje blir verande i det kristne miljøet ho går i og i tillegg mister trua. Difor har denne boka òg noko å seia til dei som er kristne leiarar og forkynnarar rundt om i kristne forsamlingar. For det første verkar det berre som Janne har fått «ei god kjensle», og ikkje fått tak i kva det vil seia å vera ein kristen. Når då alle krava til kva ho bør gjera  og ikkje gjera blir presentert for henne, forsvinn dei gode kjenslene og dermed heile trua. Det er òg eit problem om det kristne miljøet me skapar berre har plass til ein type personlegdom og blir ein stad der alle må vera heilt like. Ikkje minst trur eg det er viktig å svara seriøst på spørsmål andre måtte ha. Det er vondt å sjå at Janne får signal om at ho ikkje er god nok. Dette blir formidla som omsorg og på ein vennleg måte, men «stikka» når inn likevel. Måten dette blir gjort på, gjer at Janne blir sint, og eg forstår henne godt. Forsamlinga er i tillegg framstilt noko ekstrem med liten plass for fornuft, så eg hadde nok slutta eg òg om det var der eg hadde gått. Eg forstår altså Janne godt, samtidig som eg tykkjer det er at trist ho forkastar heile kristentrua. Og eg håpar så inderleg at me greier å formidla noko anna enn: Bli som oss eller la ver å bli kristen.

Ei tankevekkjande ungdomsbok som eg trur passar best for litt eldre ungdommar og kanskje òg for vaksne?

Anne

mandag 27. januar 2014

Over det kinesiske hav


Gaute Heivoll: Over det kinesiske hav

Igjen skriv Heivoll ei bok med utgangspunkt i historiske hendingar. Denne gongen er det om eit ektepar som bygger ein stor heim i ei bygd i Vest-Agder der dei vil ta imot psykisk utviklingshemma og psykisk sjuke menneske. Dei ønskte å bruka heimen til å gi pleie i «Kristi kjærlighets ånd». Me følgjer dei frå 2.verdkrig og fram til 1973.

Det blir etter kvart ei temmeleg samansett forsamaling i dette huset. I tillegg til familien på fire, er det ein eldre onkel av mora; Josef som syng så fint, Matiassen som hadde vore innesperra i ei gruve i Amerika og ikkje blitt heilt seg sjølv etterpå, Christian Jensen som skulle ha blitt prest, men var i «overkant begava» og fem søsken frå Stavanger. Dei yngste av søskena var på alder med sonen i huset, eg-personen i boka, og dei leikar og er ein del i lag. Den eine av søskena, Ingrid, får hovudpersonen eit spesielt nært forhold til.

Me følgjer desse personane gjennom mindre og større hendingar, og boka blir kanskje noko langdryg. Likevel er boka interessant fordi ho gir eit realistisk bilete av behandlinga av og synet på psykisk sjuke og psykisk utviklingshemma  på denne tida. Ikkje minst stiller boka spørsmålet: Kva er eit menneske? Og gjennom dei fine skildringane av kvar av bebuarane i heimen, er boka eit innlegg i kampen for menneskeverd. Me ser òg at ordningane samfunnet har for denne gruppa, er blitt annleis. Då foreldra slutta å ha omsorga for desse fem søskena, får dei plass på Nærland. Dette er på den tida eit typisk «institusjonsbygg». Mot slutten av boka fortel eg-personen om eit besøk han tar til dei på Nærland, og då har dei fått eiga leilegheit og bur igjen i lag som ein familie.

Ei bok vel verd å lesa!

Anne

mandag 20. januar 2014

Dandy


Jan Guillou: Dandy

Eg har tidlegare omtalt boka Brobyggerne her på bloggen. Brobyggerne er første boka og Dandy andre boka i den historiske serien Det store århundet, som strekkjer seg frå slutten av 1800-talet og framover. Begge dei to første bøkene sluttar rett etter 1.verdskrig.

Eg tykkjer likevel det er svært stor forskjell på desse to bøkene. Brobyggerne var interessant med mykje historisk stoff om 1.verdskrig i Afrika og bygging av Bergensbanen. Dandy blir etter mi meining keisam og til tider teit i forhold. Kanskje er Dandy ei like god bok berre du er over gjennomsnittet interessert i tilhøva for homofile i England rundt 1900 og i kunsthistorie?

Sverre, som er tredjemann av brørne Lauritzen, blir under studiane i Tyskland forelska i ein rikmannsson frå England. I staden for å vera med tilbake til Noreg for å bygga Bergensbanen, slik planen var, følgjer han med kjærasten tilbake til England. Her må dei sjølvsagt streva for å leva ut kjærleiken sin, sjølv om det går relativt greitt sidan dei er så rike. Dette endrar seg når 1.verdskrig startar. I tillegg handlar boka om at Sverre etter kvart utviklar seg til å bli ein veldig dyktig malar. Det som dessverre er synd for Sverre og krinsen rundt han, er at engelskmenn er gammaldagse og lite nytenkjande og verken forstår seg på homofile kjensler eller moderne kunst.

Les gjerne dei tre siste kapitla, så har du overgangen til neste bok. Elles vil eg rå til å gå direkte over til neste bok i serien: Mellom rødt og svart. Ut frå omtale av denne boka andre stader, reknar eg med at ho blir ein opptur.
Anne