Herbjørg
Wassmo: Disse øyeblikk
«Ennå ei bok frå Wassmo der ho skriv om den traumatiske
barndommen sin og det strevsame livet ho har hatt», var det ein som sa. Og for
så vidt er dette riktig. Boka er ikkje ein sjølvbiografi, men sjølvbiografisk
roman, og det skapar rom òg for dikting. Men det er tydeleg at forfattaren
brukar mykje av seg sjølv i denne boka.

Men Disse øyeblikk
meiner eg i første rekkje handlar om vilkåra for å bli forfattar med dei krav
som omverda har til kva som er kvinneleg og passande for ei mor. Når skrivinga
blir det viktigaste, går ikkje det alltid like godt i lag med det å ha familie.
I tillegg opponerer hovudpersonen i boka mot rollene som er tildelt menn og
kvinner i samfunnet. Til dømes: Kvifor skal kvinnelege lærarar vera ulønna
vikarar for mannlege lærarar som tek seg fri for å gå på jakt? Det er klart at
den første kvinna som stiller slike spørsmål høgt, får motbør. Dette blir difor
òg ei reise i samfunnsutviklinga frå 1960-åra og framover.
Nokre har det kan henda travelt med å finna ut kva som er
sjølvbiografisk og ikkje her. Kven er personane ho «utleverer», for ingen er
nemnde med namn. Dersom boka skal lesast som «sann», er dette ei svært ærleg og
utleverande forteljing, men sjølv tenkjer eg at det viktigaste er å lesa boka
som ein roman, utan å bry seg så mykje om det er opplevd eller oppdikta. Eg
tykte boka var interessant, men det vil kanskje vera forskjell på kvinnelege og
mannlege lesarar her. (Og dette vil nok ikkje Wassmo lika at eg skriv). Så det
er kanskje ikkje overraskande at sitatet eg innleia med, kom frå ein mann.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar