Andreas
Årikstad, Jogeir Lianes og Johan Samuel Årikstad-Nielsen: Skapelse og/eller evolusjon

Det største problemet er likevel påstanden om at alle som
ikkje er einige i at jorda er 6000 år gammal, eigentleg ønskjer ein liten Gud
for å unngå å forplikta seg på noko som helst i Bibelen. Dei som ikkje trur som
forfattarane, spottar Gud. Det er altså ingen mellomting mellom deira ståstad
og rein ateisme. Då eg las boka, opplevde eg difor boka som ureieleg. Skal ein
gå imot andre syn, bør det vera eit mål, òg for kristne, å gjengi andre sitt
syn på ein mest mogleg riktig måte. Dette tykkjer eg ikkje boka gjer. Òg i
konservative krinsar har det vore tradisjon for at ein kan tenka ulikt om
kor gammal jorda er. Det nye her er eit krav til å tenka som forfattarane for å kunna vera
sanne kristne. Eg kan ikkje sjå at eit slikt standpunkt kan føra til noko godt
blant truande.
Eg skal ikkje gå inn på forklaringane boka gir for ei ung
jord, men eg likar ikkje måten seriøse forskarar og vitskapsfolk blir framstilt
på. Det blir gitt inntrykk av at desse eigentleg veit at det dei seier ikkje
stemmer, men så må dei halda på gamle og usanne
teoriar likevel fordi dei ikkje trur på Gud. Dersom det er slik, kvifor
er det då fleire ateistiske vitskapsmenn som etter at dei har blitt kristne,
ikkje forkastar det dei har forska på og lært t.d. innan feltet biologi, men
heller set kunnskapen inn i ein større samanheng? Les gjerne Alister Mc Grath: Surprised by Meaning; Science, Faith and How
We Make Sense of Things.
Les gjerne òg Jon Kvalbein sin omtale: http://www.dagen.no/Meninger/Tidsrom_-_test_p%C3%A5_bibeltroskap-75578
og Bjørn Are Davidsen sin omtale: http://dekodet.blogspot.no/2014/06/den-kreasjonistiske-fristelse.html
Men boka treng de ikkje å lesa.
Anne