Vera Michaelsen: Hyperpubertet

Midt i alt strevar Camilla med forholdet til venner og med å
finna seg sjølv. Kven er ho midt oppi alt som skjer med kroppen hennar og i alt
virvaret som ho brått står i? Dette høyrest kanskje noko traurig ut, men det er
det ikkje. Dette er ei underhaldande og morosam bok, lettlesen og godt skriven,
men med ein viktig bodskap.
Og sist, men ikkje minst: Endeleg ei ungdomsbok der læraren
er eit fornuftig menneske. Det tykte sjølvsagt eg var eit pluss.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar