Linn
Rottem: Forstillinger om et hjem
Dette var ei ubehageleg bok å lesa. Ikkje fordi det er så
mykje fælt i ho eigentleg, men fordi boka får tydeleg fram at ein kan meina det
godt, men gjera skade likevel.

Hallvard bestemmer
likevel at Sara skal flytta heim, ho skal vera ein del av familien fortsatt.
Han prøver å ta dei rette vala. Men er dette dei rette vala? Dottera Agnes
meiner òg dette er det beste, eller gjer ho det? Me kjem altså nær innpå far og
dotter. Det er ikkje alltid det er like god samanheng mellom det dei seier og
gjer og det dei eigentleg meiner. Forestillinger
om et hjem blir difor ei bok som skildrar tankar ein gjer seg om kva andre meiner og forventar, men ei «forestilling»
er ikkje alltid rett.
Sjølv om eg i starten skriv at dette er ei ubehageleg bok,
tykte eg det var ei god bok. Dette er faktisk ein situasjon som ein familie kan
komma oppi, og boka gir difor eit realistisk bileta av dei dilemma dette kan gi.
Boka går raskt å lesa, 233 sider.
Anne