Alyson
Richman: Hele livet på en dag
Boka startar i Praha på 1930-talet. Studentane Lenka og
Josef møter einannan og forelskar seg. Etter kvart blir det problematisk for
dei å leva der sidan begge er jødar. Dei giftar seg, men vegane blir skilde då
krigen og jødeforfølgjingane startar for fullt.

Omtrent samtidig med denne boka, fekk me òg inn
Fortellingen i fiolinen. Ho handlar òg om andre verdskrig og jødane sin situasjon.
Her følgjer me ei jødisk jente som klarer å komma seg ut frå Wien og blir
tenestejente i England. Denne boka har ikkje dei same kvalitetane som Hele
livet på en dag. Dersom du berre skal lesa ei av desse, vil eg anbefala Hele
livet på en dag.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar