Anne Ch.
Østby: Tegn

I tillegg blir me presenterte for 2-3 andre ungdommar som òg
slit med eitt eller anna. Det blir etter mi meining litt mykje å halda styr på,
og problema til desse andre ungdommane blir på mange måtar bare tidtrøyte. Kan
henda er dette tatt med for å gi ei skildring av at ungdommar er overlatt til
seg sjølv utan nokon å gå til. For det er nettopp dette som skjer i boka. Dei
vaksne er passive og fjerne og ikkje aktuelle samtalepartnarar for ungdommane
som slit. Det er jo ikkje så uvanleg i ungdomsbøker å framstilla vaksne som
ubrukelege og fjerne, men eg tykkjer dette blir i overkant.
Boka er likevel engasjerande og hovudforteljinga, altså den
om Sofie og Espen, er fin og tar i tillegg opp eit vanskeleg tema. Kva når
nokon rundt deg blir «sjuk i hovudet»?
Forfattaren skildrar i tillegg jentefotballmiljø og
gutefotballmiljø og forskjellen i ressursar og haldningar mellom desse. Blant
anna er språket til gutetrenaren og fotballgutane råare og inneheld ein del banning.
Boka er på 187 sider.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar