Vanessa Diffenbaugh:
Blomstenes hemmelige språk
Victoria har
vore i fleire fosterheimar heile livet, men nå er ho atten og ingen er plikta
til å ta seg av henne lenger. Victoria slår seg til i ein park og prøver å
stelle med nokre blomar. Renata, ein blomsterdekoratør, blir imponert over
Victorias kunnskaper om blomar og blomespråket og lar henne jobbe for seg. I
jobben treff Victoria ein person i frå fortida, ein som ho set i samanheng med
noko ho helst vil gløyme. Kva skal ho gjere?
Boka er veldig
kjekk OG ROMANTISK. Victoria er ei flott jente å bli kjent med, og sjølv om eg
er laaaaangt i frå å ha grøne fingrar, var det morosamt og kjekt å høyre om
korleis Victoria jobba med blomane og brukte blomsterpråket i jobben sin. I
tillegg blir møtet med personen i frå fortida spennande å lese om, for dette
møtet snur opp ned på heile boka og heile livet til Victoria. Denne
boka anbefales på det sterkaste. Boka er på 388 sider og forlaget Aschehoug
skriv nokså passelig: gå ikke glipp av årets store kjærlighetsroman.
Nei, ikkje gå
glipp av denne. Les utdrag av boka her.
Mai Lene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar