Jean
Kwok: Midt imellom

Mor til Kimberly har sett seg i gjeld hjå søstera og mannen
og blir nærast ein slave på deira tekstilfabrikk i Brooklyn. Kimberly er
skuleflink, og dette gir henne moglegheiter i USA, men samtidig må ho hjelpa
mora på fabrikken om ettermiddagane og kveldane. Ho lever eit dobbeltliv, og
boka gir innsyn i koss det kan vera å veksa opp mellom to kulturar.
Forfattaren har sjølv emigrert frå Hong Kong til USA, og eg
tenkte medan eg les boka; kor mykje av dette er sjølvopplevd, kor mykje er
realistisk? Kor ofte blir eit håp og ønske om eit nytt og betre liv i staden eit
liv i fattigdom og undertrykking?
Særleg første del av boka er gripande, slutten blir kanskje
litt vel oppsummerande etter min smak. Men for dei som ikkje likar opne sluttar
i bøker, så får me altså her vita koss det endar.
Boka er lettlesen og på 284 sider.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar