Bøker om sjukdom
I sommar hadde eg med meg to bøker heim som hadde sjukdom
som tema: Kjersti Annesdatter Skomvold
Monstermenneske og Linnea Myhre Evig
søndag.

Den første boka, Monstermenneske, er ei sjølvbiografisk
roman og handlar om ME. Eg hadde relativt høge forventningar til denne boka ut
frå eit par bokomtalar eg hadde lese, eksempel på dette finn de her: http://www.nrk.no/kultur/monstermenneske-1.8376216 http://www.dagbladet.no/2012/10/29/kultur/bok/litteratur/litteraturanmeldelser/anmeldelser/24060474/
Sjølv om boka er på 600 sider, gjekk eg i gong med friskt
mot. I starten tykte eg ho var interessant, men etter ein del sider med små
hendingar og filosoferingar, så må eg innrømma at eg gjekk lei. Det blei for
lite som skjedde. Nå er det kanskje eit av hovudpoenga, at har ein ME er det
nettopp dei lange dagane og det at ingenting hender som er problemet. Slik sett
er nok boka svært truverdig og gir eit korrekt bilete av denne lidinga.

Etter desse to bøkene begynte eg å lura på om eg er så
kjenslekald og likegyldig til andre menneske at eg ikkje orkar lesa om
sjukdommane deira. Eg tenkte: Har eg lese bøker om andre folks sjukdom før som
eg har funne nyttige, interessante og gripande? Og det har eg faktisk. Eit par
eksempel er Idas dans av Gunhild
Corwin og En dåre fri av Beate Grimsrud
Kva var forskjellen på desse bøkene og dei eg har omtalt over? Eg trur
det var det at bilete blei heilare og større. Dei var ikkje like sentrerte om
dei små detaljane i eige liv og filosofering rundt desse. Det var rett og slett
meir handling. Og ikkje minst er Grimsrud si bok svært godt skriven. Ein kom
tettare på henne som person og ho makta å gjera sitt eige indre meir
interessant for lesaren(Iallfall for meg). Så ja, lesverdige bøker om sjukdom
finst:
Anne