Då vil me ønskja alle ein god sommar. Kom gjerne innom før ferien og lån med deg ei bok eller fleire. Skulle du lesa nokre gode bøker i sommar som me ikkje har inne, er det fint om du tipsar oss om desse når me startar opp til hausten. Eg har iallfall planar om å kosa meg mykje med godt lesestoff i ferien. Her er noko av det som står på mi "leseliste":
Skjønnlitteratur: Det syvende barnet, Den usynlige broen, Forestillinger om et hjem, Brobyggerne, Døden kjem med bussen, Monstermenneske, Hele livet på en dag, Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet.
Sakprosa: Vi som elsket Jesus - og fortsatt gjør det, Opptegnelser fra Jerusalem, Det er ikke mer synd på deg enn andre, Min islamske reise, Min DNAgbok.
Så då er det berre å gle seg til sommaren!
Anne
onsdag 19. juni 2013
fredag 14. juni 2013
Tschick - Adjø, Berlin!
Wolfgang Herrndorf: Tschick – Adjø, Berlin!
Dersom du vil ha ei småmorosam bok som likevel kan seia nok fornuftig
om viktige sider ved livet, er dette ei bok eg kan anbefala for ungdom, men
faktisk òg for godt vaksne. Ein av fordelane med å vera bibliotekar, er at eg
får lese ein god del bra ungdomsbøker som er underhaldande for oss vaksne òg.

Litt røft språk i eit par sekvensar, men i det heile ei fin
og varm bok.
Les gjerne Svein Egil Omdal sin omtale av boka i Stavanger Aftenblad:
Anne
fredag 7. juni 2013
Himmelstormeren
Cecilie
Enger: Himmelstormeren
Dette er ei biografisk roman om Ellisif Wessel. Eg sjølv
hadde ikkje høyrt om denne personen før, men i si samtid var ho ei klar og ofte
provoserande røyst i avisene.
Ellisif Wessel blei fødd i 1866 og vaks opp i ein overklassefamilie
på Dovre. Ho var blant dei få jentene på den tida som blei sendt til Kristiania
for å gå på skule. Her bur ho i same hus som syskenbarnet Andreas. Han studerer
til lege. Dei blir etter kvart eit par, giftar seg og flyttar til Kirkenes.

Eg tykte dette var ei svært interessant bok om ei historie
eg ikkje kjende til frå før. Boka gir òg eit tidsbilete av tilhøva i slutten av
1800-talet og starten på 1900-talet. I denne perioden blir det starta
gruvedrift ved AS Syd-Varanger, Noreg riv seg laus frå Sverige, og den russiske
revolusjonen nærmar seg. Ikkje minst får me sjå dei harde tilhøva menneske
levde under.
Dette var lærerik og nyttig lesing!
Anne
Abonner på:
Innlegg (Atom)