Thorvald Steen: Balanse
Me høyrer ofte om dårlege opplevingar ulike menneske har i
møte med helsevesenet, ikkje minst om kva mange erfarer på sjukeheimar rundt om
i landet. Denne boka fører oss på innsida av ein sjukeheim og livet der, sett
med auga til eg-personen, som er yngst blant bebuarane. Han er av dei få som er
heilt klar i hovudet, men som på grunn av ein muskelsjukdom må bu der. Korleis
er kvardagen? Korleis opplever han personalet? Korleis opplever han å bu på
dobbeltrom? Dette skriv han om i eit fiktivt brev til dottera, Selma, som bur i
Cape Town.

Det eg tykkjer kjem godt fram i boka Balanse, er at opplevinga me har med helsevesenet handlar mykje om
personen/personane me møter på. Korleis blir me møtt som menneske? Difor meiner
eg dette er ei viktig bok, ikkje minst for dei som arbeider/skal arbeida i
helsesektoren. Ein kan òg seia at boka handlar om menneskeverd.
Les gjerne omtalane under:
http://www.dagsavisen.no/kultur/alle-anmeldelser/bokanmeldelse/besk-humor-fra-pleiehjemmet/
Søk gjerne opp intervjuet med forfattaren som stod i Vårt
Land 25.08.2012: Balansegang på tallet
tre
Anne